Påmelding til dåp



Alle som ønsker dåp i våre kyrkjer skal registrere dåpsønske på nett. Før du kan registrere dåp må du ha personnummeret til barnet og eit mobilnummer til ein av foreldra. Namnevalskjema med fødsels- og personnummer vert sendt frå folkeregisteret kort tid etter at bornet er fødd. Foreldra må sende inn namnevalskjema før dei mottek fødselsattest. Det er folkeregisteret som godkjenner barnet sitt namn og utferder fødselsattest. 

Vi ønsker at barnet vert døypt i den kyrkja/soknet der dykk bur. Om de ønsker dåp i ei anna kyrkje utanom Ålesund kommune må dykk avtale dette med kyrkjekontoret. De må likevel melde frå til servicekontoret vårt på telefon (70 16 53 00) eller på epost; postmottak@kyrkja.alesund.no

De deltek på dåpssamling i den kyrkjelyden de høyrer til i.

Det kan vere avgrensa plass for dåp ved nokre gudstenester, og nokre av kyrkjelydane har avgrensingar for antall dåp av born busett utanfor soknet. Vi tek etterhald om ledige plassar. Stadfesting om plass vert gitt så snart som mogleg frå servicekontoret.

Spørsmål rettast ril servicekontoret på 70 16 53 00 eller pr. e-post: postmottak@kyrkja.alesund.no.

 

Tilbake