Emmauskursa er for søkjande menneske, som vil vite kva den kristne tru er. Eller for menneske som treng påfyll i sitt trusengasjement.
Undervisning og samtalegrupper om kristen tru. Undervisninga er åpen for alle. Kurset strekker seg over 10 kurskveldar på onsdagar kl. 19.00 – 21.30 i kyrkjekjellaren, samt ein week-end.
Alle kurskveldane tek til med kveldsmat og vert runda av i grupper der deltakarane samtaler vidare om dagens tema. Kapellan Ingebrigt Austnes har hovudansvar for undervisninga.
For alle som leitar etter svar på spørsmål
om Gud og etter ein stad å høyre til.
Læring og latter er faste ingrediensar i Emmaus-kurset.
Brødskive og banan kan stå som symbol for at her sunn og kost, både som kvelsmat og som åndeleg føde.
Hjelp til å finne svar på vanskelege spørsmål i samtale-grupper.
Alt du vil vite kan du ta fram.
Ingen spørsmål er for store eller for dumme.
Tema:
2000 år med Jesus
Kva gjer dei kristne når dei trur?
Guds omsorg for heile mennesket
Bibelen - opne for alle
Kvifor gå til gudsteneste?
Er nattverden nødvendig?
Kva har eg i min dåp?
Korleis tilgir Gud synd?
Den heilage Ande (week-end)
Herre, lær oss å be
Hjelp eg tilhøyrer kyrkja
Ta kontakt med Liv Brevik 70150195/91885483 eller kyrkjekontoret 70165370 for meir informasjon eller påmelding. Du kan og møte opp på første kurskveld og melde deg på.