Verdig avskjed med kjær prest
Ingebrigt Huse Austnes hadde sin siste dag i teneste søndag 6. november. I gudstenesta var biskopen til stades og kom med ein personleg og god helsing til Ingebrigt. To veker seinare var det duka for kyrkjelyden sin avskjedsstund med kapellanen som har gjort teneste hos oss i 17 år.

Ingebrigt Huse Austnes hadde sin siste dag i teneste søndag 6. november. I gudstenesta var biskopen til stades og kom med ein personleg og god helsing til Ingebrigt. To veker seinare var det duka for kyrkjelyden sin avskjedsstund med kapellanen som har gjort teneste hos oss i 17 år. Det vart ein verdig markering der latteren satt laust og tårene lura i augekroken. Kyrkjekaffien hadde da også fått tilnamnet ”minnestunda” av hovudpersonen sjølv.
Det vart lest opp helsingsbrev frå prosten og både stab, sokneråd og enkeltpersonar kom med sine helsingar. Pensjonisten sjølv kom til slutt med ei helsing til kyrkjelyden. Han understreka at han går frå stillinga si på tross av, og ikkje på grunn av, Spjelkavik kyrkjelyd. Sjølv om han på grunn av situasjonen i kyrkja ikkje kjem til å gjere meir presteteneste så stengde han ikkje døra for at han framleis kan tenkje seg å halde ei tale ved passande anledningar.

Til slutt vart Ingebrigt heidra med ståande applaus i ein fullsett kyrkjelydssal.



