19. mai 2012
Logg inn
Du er her: Tema » Artikkelarkiv

Artikkeldetaljer

Nattcup for konfirmantar

Forfatter: Jon Ivar Tønnesen | Opprettet: 23.11.2011 | Visninger: 257
Fredag 18. november vart det arrangert nattcup for konfirmantar i SBM arena. Lag frå Spjelkavik tok med seg ein del av premiane, og det var ikke langt unna at vi kunne gjort reint bord!

Fredag 18. november vart det arrangert nattcup for konfirmantar i SBM arena. Lag frå Spjelkavik tok med seg ein del av premiane, og det var ikke langt unna at vi kunne gjort reint bord!

Laga frå Spjelkavik nådde finalen i alle 3 turneringane. I fotballfinalen tapte Sukkerklompen mot eit lag frå Ålesund og i innebandyfinalen tapte Team vanlig mot eit lag frå Borgund. Så i og for seg så vart fordelingen mellom kyrkjelydane ganske god. Gratulerer med 2.-plass, vær stolt av det også!

I volleyballfinalen var det 2 lag frå Spjelkavik, så då var resultatet ikkje så viktig (eller kanskje det var det?). Hardyguttene og Frøken Detektiv vann i alle fall finalen. Gratulerer! Finalemotstandar og 2.-plassvinner var Klompelompen. Bjarte prest må ha trent konfirmantane sine godt (Sukkerklompen, Klompelompen og Hardyguttene og Frøken Detektiv er alle frå Bjarte sine KRIK-grupper).

Spjelkavik fikk også pris for beste lagnavn: Team TaogholdKjeftenpåD. Vi tok også førstepris i quiz-konkurransen: Lavmål mot nye høyder (Benjamin, Andreas, Sebastian, Michael og Øyvind) fekk 20 rette av 25 mulige.

Håper alle hadde ein fin kveld/natt. Takk til alle foreldre som var med som hjelp og gratulerer igjen til alle vinnarar, nesten-vinnarar og alle som la inn ein flott innsats!

Bookmark and Share

Tilbake