Konfirmantar i nød?
Flaskepostkampanjen Climate Justice 2
Konfirmantane har sendt flaskepost til politikarane. Ikkje fordi konfirmantane er i nød, men fordi det finst andre menneske som er i nød.
Kirkens Nødhjelps aksjon i fastetiden har i fjor og i år fokus på klimaendringar. Det er alltid dei fattige som rammast hardast av klimaendringane. Vi i dei rike landa har pengar til å verna oss sjølv, det har ikkje dei fattige.
Derfor sender konfirmantar og mange andre i desse dagar flaskepost til politikarar i heile landet. Breva skal i alle fall innom fylkespolitikarar før dei ender opp hos stortingspolitikarane og regjeringa. Kravet er rettferd i klimaspørsmål og miljøarbeid.
Fredag 12. mars var det nødhjelpseminar for konfirmantane i Spjelkavik. Der fekk dei høre om kva Kirkens Nødhjelp brukar pengane til og korleis dei kan hjelpe til å forandre verda. På biletet står konfirmantar frå FRI2 og FRI4 med sin flaskepost i handa.
Meir om underskriftskampanjen Climate Justice 2 (her kan du også skrive under kampanjen på nett).