09. februar 2012
Logg inn
Du er her: Livets gang » Gravferd

Sorgarbeid og gravferd i Spjelkavik sokn
Dersom det har vore dødsfall i familien, er det mange spørsmål som melder seg når det gjeld gravferd. Her vil vi seie litt om dei mest vanlege spørsmåla.

Stad
Gravferda skjer til vanleg i det soknet der den som er død, var busett. Det kan og skje der den som syter for gravferda er busett, dersom det er meir tenleg. Dersom ein ynskjer gravferd frå ei anna kyrkje, må ein sjølv eller gravferdsbyrået ta kontakt med kyrkjekontoret på staden og gjere avtale om det. Dei har ikkje plikt til å ta seg gravferder frå andre stader, men vil som regel gjere det om dei har høve. Det må då godtgjerast etter fastsette takster.

Tid for gravferd
Gravferd vil normalt skje innan 8 dagar etter dødsfallet. Dag og tidspunkt for gravferda er det kyrkjevergja i Ålesund som koordinerer og fastsett. Det vert handsama innafor vanleg kontortid. Telefon: 70 16 53 00. 

Prest
Prestane i Spjelkavik har kvar sine tenesteveker der dei utfører kyrkjelege handlingar. Presten vil ta kontakt med dei pårørande når han har fått melding om gravferda og gjere avtale om ei vitjing, gjerne i heimen. Då vil presten gjerne høyre litt om livslaupet og ein vil samtale om korleis gravferda skal gå føre seg, om kransepåleggjing, evt. minneord frå familien og andre innslag. Tekstar ein ynskjer å nytta skal godkjennast av presten og musikken av kantor.

Dersom det er ynskje om å få raskt kontakt med presten, kan ein ringe kyrkjekontoret, 70 16 53 70. Utanom kontortida vil det vere telefonsvarar.

Det er ei vaktordning for prestane når det gjeld tenester som ikkje kan vente til vanleg kontortid, t.d. varsling om dødsfall, soknebod o.l. Ordninga omfattar prestane i hele prostiet, ikkje berre i Spjelkavik.
Vakthavande prest kan kontaktast på telefon 70 16 53 18.

Gravferdsbyråa i Ålesund:
Dei fleste vel å gjere bruk av eit gravferdsbyrå. Det gjev god hjelp til mange gjeremål i samband med gravferda. Ein gjer avtale om slag tenester dei skal yta og kva ein ynskjer å gjera sjølv.
I Ålesund er det tre gravferdsbyrå:
(alfabetisk sortert)