09. september 2010
Logg inn
Du er her: Livets gang » Dåp

Velkommen til dåp
Å døype eit barn er å la barnet få ei gåve frå Gud samstundes som vi overlet den vesle i Guds hender.
Kyrkja, fadrane og foreldrene tek saman på seg oppgåva å syta for at barnet lærer den kristne tru å kjenna når det veks opp.
Dåp i Spjelkavik kyrkjelyd:
Dersom ein eller begge foreldra er medlem i kyrkja, får dei invitasjon til dåp ei tid etter at barnet er fødd. Dåpen meldast inn til kyrkjekontoret der foreldra bur og ein gjer avtale om ein søndag det er dåp. Sjå gudstenestelista.
Dåpen må meldast inn ein månad før dåpen skal finne stad. Presten gjer avtale om ein samtale eller ei samling med dåpsforeldra ei tid før dåpen. Dette gjeld også dersom barnet skal døypast i anna kyrkje. Ein må då i tillegg gjere avtale med denne kyrkja.