09. februar 2012
Logg inn
Du er her: Framside

Artikkeldetaljer

Konfirmantlærar?

I Spjelkavik kyrkjelyd får konfirmantane velge mellom ulike opplegg for konfirmasjonstida. På den måten får dei eit opplegg som dei har valt sjølv og er interessert i. Vi deler dei også inn i grupper på ca 15, slik at det er greit for den enkelte konfirmantlærar å handtere og bli kjent med gruppa.
 
Til dette arbeidet trengs det ressursar, fleir ressursar enn det er i staben på kyrkjekontoret. Vi ser derfor etter konfirmantlærarar for skoleåret 2010-2011. Det er på KRIK-opplegget behovet er størst, men det er også muligheit for å være lærar på FRILUFT eller KLATRE.
 
Ein kan se jobben som sin oppgåve i kyrkjelyden og ein kan jobbe utan løn, men vi ønskjer å lønne dei som tar på seg ein konfirmantlærarjobb. Å jobbe som konfirmantlærar kan vere ein grei jobb for ein student som vil ha ein liten jobb ved sida av studiene.  Jobben passar for alle, frå dei som går i 1. videregående til dei som er godt vaksne, så lenge ein likar tenåringar.
 
Ta kontakt med Jon Ivar Tønnesen (kateketen) for meir info:
Tlf.: 70165373
 
Bookmark and Share

Tilbake