Rett før tekstlesingane går vi ned bak søndagsskoleplakaten
Og nede tenner vi lys og syng opningssongen vår: Eg blir så glad når eg ser deg. Etter det får vi høyre ei bibelforteling, kanskje til og med dramatisert eller med ljosbilete. Når dette er ferdig, så er det tid for fargeleggjing av teikningar til dagens tekst. Og de kan tru det blir mange kjempefine teikningar!
Alle som går på søndagsskulen har kvar sitt søndagsskulekort, der ein får eit nytt, fint klistremerke for kvar gong. For tida er det dyreklistremerker, som vi fyller opp vid i Noahs ark. Og så får alle Søndagsskulebladet, som vi kan ta med heim og lesa i lag med nokre vaksne. Her står det både historiar, teikneseriar og mykje anna.
Bibelgjengen er for born frå 9 år og oppover. Dei samlast ein gong for månaden.