Ekteskapsinngåing
Eit ekteskap blir inngått når ei kvinne og ein mann i nærver av vitne gir kvarandre løfte om at dei vil leve saman i ekteskap, og når ein godkjend vigselsperson gjer kjent at ekteskapet er offentleg gyldig.
Ei ekteskapsinngåing kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Juridisk sett er det ingen skilnad. Men ein kyrkjeleg vigsel har eit kristent perspektiv i tillegg til den juridiske sida. Handlinga ber preg av å vere ei gudsteneste. Det blir lese bibeltekstar om ekteskapet, og ein ber for dei som giftar seg.
Ektepar som er vigde borgarleg, kan i ettertid velje å ha ei kyrkjeleg forbønshandling for ekteskapet.
Vigselsordninga
Vigselsordninga som blir brukt i Den norske kyrkja, opnar for at brudeparet sjølve kan vere med på utforminga av seremonien.
Ordinga gir rom for at nokon i bryllaupsfølgjet kan medverke i somme av dei liturgiske ledda. Ein kan leggje inn i handlinga musikk eller høgtlesing, eventuelt kombinert med tenning av lys. Blant dei kulturelle innslaga kan det også opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet.
Salmar og songar må på førehand godkjennast av presten som forrettar, og det musikalske stoffet av kantor/organist.
Dersom den eine parten tilhøyrer eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan det etter godkjenning av biskopen opnast for deltaking frå vedkommande kyrkjesamfunn. Både når det gjeld medverknad frå andre kyrkjesamfunn og kulturelle innslag, skal dei tilpassast den gudstenestelege karakteren til vigselshandlinga og ikkje bryte med trusgrunnlaget i Den norske kyrkja.
Høve til eiga deltaking
Brudeparet og brudefølget har mulighet for å delta ved flere liturgiske ledd i vigselshandlinga:
Prosesjonen
Skal brudeparet gå inn saman, eller skal bruda gå inn saman med ein representant for familien? Skal det vere med brudepiker og brudesveinar? Dersom det er ønskjeleg, kan brudeparet, éin av dei eller begge, trulovarane, representant(ar) for familiane, liturg (prest) gå inn i kyrkja i prosesjon.
Skriftlesingar
Ein kan velje mellom fleire bibeltekstar som det er gjort framlegg om, eller fritt frå andre bibeltekstar som passar. Finst det eit tema som brudeparet er spesielt opptekne av? Bibeltekstane kan lesast av medlemmar av bryllupsfølgjet. Skal bror eller søster av brudeparet lese? Mor og/eller far? Trulovarane? Vener? Andre i familien? Eller vil brudeparet helst at presten skal lese?
Døme på tekstar som ein kan velje:
Salmane 23;
Salomos ordtøke 8,6-7a;
Matteus 6,25-34;
Johannes 15,9-12[-17];
1. Korintarbrevet 13;
Kolossarbrevet 3,12b-14.
Brudeparet og brudefølget har høve til å delta ved fleire liturgiske ledd i vigselshandlinga:
Salmar
Brudeparet kan vere med på å velje salmane som skal syngjast under vigsla.
Døme på salmar som passar godt:
- No takka alle Gud med hjarta, munn og hender, Norsk Salmebok 300/299-
- Lovsyng vår Herre, den mektige konge med ære, Norsk Salmebok 302/301
- Alt står i Guds faderhånd, Norsk Salmebok 308
- Himmelske Fader, herleg utan like, Norsk Salmebok 311
- Kjærlighet fra Gud springer like ut, Norsk Salmebok 669
- Herre over alle slekter, Norsk Salmebok 674
- Vi rekker våre hender frem som tomme skåler, Norsk Salmebok 710
- Guds godhet sang i sinnet, Salmer 1997 98
- Å Gud, velsigna desse to som står for dine augo, Salmer 1997 273
Ekteskapsløfta
Ein kan velje mellom to måtar å avleggje ekteskapsløfta på. Den eine måten er at presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka, som dei svarar ja på.
Den andre måten er at brudefolka sjølve seier fram ekteskapsløfta ved å gjenta dei etter presten:
Eg tek deg NN til ektemake. Eg vil elska og æra deg, og vera trufast hos deg i gode og vonde dagar, til dess døden skil oss åt.
Overrekking av ringar
Dersom brudeparet vil, kan dei velje å gi kvarandre ringar under vigselshandlinga. Overrekkinga kan skje ved at ringane blir sette på etter at presten har sagt: Gje no kvarandre ringane, som de skal bera til teikn på løftet om truskap.
Alternativt kan det skje ved at bruda og brudgommen i samband med overrekkinga av ringane sjølve seier fram følgjande etter presten:
NN, eg gjev deg denne ringen som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og truskap. Kva for alternativ ønskjer brudeparet?
Forbøn for brudeparet
Brudeparet kjem fram til altarringen og knelar
under forbøna. I tillegg til presten kan eventuelt også andre i følgjet delta i forbøna med handspålegging.
Det er mogleg å velje mellom to ulike forbøner, og ein kan leggje til ei fritt formulert bøn som til dømes brudeparet sjølve har vore med på å utforme eller velje ut. Her kan dei gi uttrykk for sine voner og tankar for livet som ligg framfor dei. Det er mogleg å tenne lys under forbøna. Kven skal tenne lys? Og korleis skal lystenninga skje?Ein kan også syngje ein bønesalme mens brudeparet knelar på altarringen.
Musikk/symbolhandlingar
Deltakarane i bryllaupsfølgjet og andre kan medverke med musikk, høgtlesing eller andre kulturelle innslag. Her er det rom for kreativitet og deltaking for å gjere vigselshandlinga endå meir personleg. Det kan til dømes opnast for element som understrekar den etniske bakgrunnen til brudeparet. Der den eine parten har ein annan kyrkjeleg bakgrunn enn Den norske kyrkja, kan det her opnast for deltaking frå dette kyrkjesamfunnet.
Bryllaupsmesse
Det er også mogleg å feire kyrkjebryllaup som ei messe, det vil seie at det inngår nattverd i kyrkjebryllaupet. Ønskjer brudeparet dette?
Praktiske opplysningar om vigsel
Kvar tek vi kontakt når vi vil gifte oss i Den norske kyrkja?
Ta kontakt med det lokale prestekontoret/kyrkjekontoret der de bur. De finn adresseopplysningar og telefonnummer i telefonkatalogen. Til vanleg er kontoret ope nokre timar på føremiddagen kvar yrkedag.
De kan også sjå etter på Internett på www.kyrkja.no om kyrkjelyden kan kontaktast via e-post.
Frå prestekontoret/kyrkjekontoret får de dei papira de treng. De kan også skrive ut nødvendige skjema frå www.kyrkja.no
Korleis får vi grønt lys for at vi kan gifte oss med kvarandre?
Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Ekteskapslova vart endra i 2004 slik at prestar og andre med vigselsrett ikkje lenger står for prøvinga av ekteskapsvilkåra. Brudeparet må sjølve skaffe "Prøvingsattest/Melding om vigsel" frå Folkeregisteret, og ta dei med til den personen som skal stå for sjølve vigsla.
Kan vi gifte oss i den kyrkja vi vil?
Dersom de vil gifte dykk i ei anna kyrkje enn kyrkja på heimstaden, tek de kontakt med prestekontoret/kyrkjekontoret der de vil gifte dykk. Adresseopplysningar og telefonnummer finn de i telefonkatalogen eller på www.kyrkja.no
Høve til å gifte seg der kan vere avgrensa dersom det er ei populær kyrkje å gifte seg i. Dersom ingen av partane bur i soknet må de betale ei avgift.
I Den norske kyrkja kan de berre gifte dykk i ei kyrkje eller ein annan gudstenestestad som biskopen har godkjend til denne bruken. Dersom de vil gifte dykk i ei sjømannskyrkje i utlandet, tek de kontakt på e-post med den aktuelle sjømannskyrkja via nettstaden www.sjomannskirken.no , eller sender ein e-post til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet: adm@sifh.no, telefon 55 55 22 55.
At ein av brurefolka er medlem i Den norske kyrkja, vil normalt vere nok for at vigsel kan skje i kyrkja. Den einskilde presten har likevel høve til å nekte å vie brurefolka dersom ein av dei ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja. Kyrkjeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brurefolka tilhøyrer Den norske kyrkja. Ved vigsel i Den norske kyrkja må ein følgje liturgien og ordningane for vigsel i Den norske kyrkja.
Les liturgiane for Vigsel og Forbøn for borgarleg inngått ekteskap på www.kyrkja.no
Kva dersom ein av oss er medlem i eit anna trussamfunn eller tilhøyrer ein annan religion?