DEN NORSKE KYRKJA
Borgund menighet
  Søk
6. februar 2012 ..:: Livets gang » Gravferd ::..   Logg inn
 Gravferd

Møtet med sørgjande er ein av dei viktigaste oppgåvene for kyrkja. Mange prestar har i dei seinaste åra utdanna seg spesielt for å kunne møte behova til pårørande ved ulukker og katastrofesituasjonar. Gravferd skal normalt skje innan 8 dagar etter dødsfallet.

Dei fleste bruker eit gravferdsbyrå som ordner mange praktiske ting i samband med dødsfallet. Presten tar kontakt med pårørande for samtale etter at ein har fått melding frå byrået eller kyrkjevergen. Samtalen kan skje i heimen eller på kontoret.

 

Kyrkjeleg gravferd er ei gudstenesteleg handling som består av lesing frå Bibelen, bøn og ein kort tale. Ved grava (eventuelt i krematoriet) vert det jordpåkasting. Presten kastar jord tre gonger på kista og seier: "Av jord er du kommen. Til jord skal du verta. Av jorda skal du atter stå opp." Når eit menneske døyr uten nokre pårørende i sin nærleik, vil politiet eller presten gje dei pårørande beskjed så snart som muleg (gå med sørgebod).

Kyrkjelydane i Den norske kyrkja er pålagt å ha tilsyn med kyrkjegardene. Kommunestyret er økonomisk ansvarleg for drifta av kyrkjegardane.

Kyrkjemøtet 2002 vedtok ny gravferdsliturgi som supplerande alternativ  til gjeldande ordning med virkning frå 1. mars 2003.
Se også lovbestemmelser om gravferd i Norge i Gravferdsloven av 1996.

(Stoffet her er delvis henta frå sidene til Den norske kyrkja - www.kyrkja.no )

 

 

    

Copyright 2008 Borgund menighet Powered by LabOra - Agrando AS