Dåpen - utgangspunktet for livet i trua - og i kyrkja
(Her er Lokal brosjyre for dåp i Borgund) (Innmeldingskjema) (Innmeldingsskjema Word)
(Her er Lokal brosjyre for dåp i Ellingsøy)
I heile den kristne kyrkja er dåpen det grunnleggande sakramentet som danner utgangspunkt for livet til den døypte i trua og i kyrkja. Den kristne dåp vert praktisert på ulikt vis i dei ulike kyrkjer. I vår lutherske kyrkje har vi barnedåp. Omlag 45.000 barn vert døypt inn i Den norske Kyrkja kvart år. Det er gjennom dåp ein vert medlem av Den norske Kyrkja.
Det er ein føresetnad for dåp av barn at dei oppsedast i kristen tru. Når barna vert døypt, skjer det difor i forrventning om at dei skal ta del i kyrkja si dåps- og konfirmasjonsopplæring.
Den norske kyrkja venter at den som er medlem av kyrkja, melder barnet sitt til dåp, og barnet bør så vidt muleg verte døypt før det er tre månader gammalt.
Dåp meldast i god tid til presten i kyrkjelyden. Der geografiske eller andre forhold ikkje gjer det umuleg, skal presten eller ein annen på vegner av presten ha samtale med foreldra om dåpen og dåpsliturgien før dåp finn stad.
Barnet skal ha minst 2, høgst 6 fadrar; dei må ha fylt 15 år. Foreldra kan ikkje vere fadrar. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga. Fadderane tek på seg viktige oppgåver når det gjeld barnet si kristne oppseding (oppdragelse), og ein må velje dei med dette for auge.
Det er presten sitt ansvar å sjå til at faddervalet svarar til desse føresetnadene. Som fadrar kan ei berre velje personar som er medlem av Den norske Kyrkja, eller andre kristne som ikkje forkastar barnedåpen. Dersom det oppstår spørsmål om å utelukke som fadder eit medlem av Den norske kyrkja, skal ein legge saka fram for biskopen.
Eit sakrament er ei heilag handling innstifta av Kristus, der synlege middel (vatn, brød, vin), formidlar Guds nåde til alle som trur og tar imot.
Den lutherske kyrkja har to sakrament: Dåp og nattverd. Forkynninga av evangeliet og forvaltninga av sakramenta dåp og nattverd formidlar Guds nåde til menneska (difor ordet ”nådemiddel”), og ved dei verkar Den Heilage Ande til tru.
Den som vert døypt, vert innlemma i eit trusfellesskap med Kristus og med andre kristne. Den lutherske kyrkja forstår dåpen som frelsesgrunnlag. Dåpen demonstrerer at tru er boren av Guds nåde.
Ein legg normalt dåpshandlinga til gudstenesta for å understreke at den døypte vert innlemma i kyrkjelyden, og at kyrkjelyden saman med foreldre og fadrar har medansvar for den døypte. Den som utfører dåpen auser vatn over dåpskandidaten tre gonger, og døyper vedkommande "til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande".
Både barn og vaksne kan bli døypt, men i Den norske kyrkja er barnedåp det vanlege. Sidan det er Gud sjølv som handlar i dåpen er ikkje sakramentet avhengig av kor vaksen eller moden dåpskandidaten er. Vatnet i dåpen er eit synleg teikn på at livet i syndstilgjeving tar til.
Når dåpen står så sentralt i ei luthersk kyrkjas liv, får dåpsopplæringa stor vekt.
(Denne teksten er henta frå sidene til Den Norske Kyrkja: www.kirken.no
(Her er Lokal brosjyre for dåp i Borgund) (Her er Lokal brosjyre for dåp i Ellingsøy)
* Seks spørsmål om dåpen
* Dåpsopplæring
* Kva skjer ved ein barnedåp i gudstenesta
* Om å vere fadder
* Dåp av vaksne
* Dei liturgiske ledda i dåpshandlinga
Undervisning om kristendom er ein del av det offentlige skoleverk, men kyrkja reknar ikkje lenger skulen si kristendomsundervisning som dåps- eller konfirmasjonsopplæring.
Den norske kyrkja har difor trappa opp egne undervisningstilbud til sine døypte. Ved dåpen tar både foreldra, fadrane og kyrkjelyden på seg eit ansvar for å gi barnet opplæring i kristen tru. I denne opplæringa ligg den viktigaste føresetnaden for at Den norske kyrkja kan fortsette å vere ei folkekyrkje.
Dåpspraksisen i Den norske kyrkja er open, i den forstand at alle kan melde seg sjølv eller barnet sitt til dåp. Men den bygg på ei klar forventning om felles innsats frå foreldre, fadrar, kyrkjelyd og kyrkje, for at dei som vert døypt "kan verte verande hos Kristus når dei veks opp, likesom dei i dåpen vert forena med Han", som det heiter i dåpsliturgien.
Dette seier presten kvar gong det er dåp i kyrkja: "De som i dag ber dette barnet til Kristus, skal vere vitne om at det er døypt til namnet et Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: å be for barnet, lære det sjølv å be, og hjelpe det til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at det skal verte verande hjå Kristus når det veks opp, likesom det ved dåpen vart forena med han."
Seint på 1980-tallet tok Den norske kyrkja fatt på arbeidet med eit omfattande kyrkjeleg opplæringsprogram.
Plan for dåpsopplæring i Den norske kyrkja vart presentert våren 1992 og er no retningsgivande for barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelydane. Her går ein gjennom dei tema døypte bør lære om den kristne tru på kvart alderstrinn frå fødsel til konfirmasjonstid.
Arbeidet med dåpsopplæringen i kyrkjelydar er ofte fordelt på mange ulike tiltak som søndagsskole, barneforeninger, kor, speidergrupper osv.
Det er her eit utstrakt samarbeid mellom soknerådet og arbeidslaga i dei frivillige organisasjonane i menigheten. Hausten 1997 vedtok Kyrkjemøtet ein ny Plan for konfirmasjonstida.
Eit regjeringsoppnemnt utval overleverte 10. oktober 2000 innstillinga NOU 2000: 26 "...til eit åpent liv i tro og tillit..." Utredninga beskriv Dåpsopplæring i Den norske kyrkja, og kan lesast her: NOU 2000:26
Frå våren 2004 er Den norske kyrkja i gang med prosjektet " Trosopplæring i ein ny tid".
(Innmelding bør skje snarast råd og seinast 4 veker før dåpsdato!