Re spectare....
Ved å ha respekt for alle skapte, utfører vi diakoni. Respekt kjem av det latinske ordet re spectare og tyder 'sjå ein gong til.' Det er fyrst då vi ser og forstår andre menneske. Og når vi forstår er det lettare å handle.
Diakoni er egentlig det å leve som en kristen. Det er "walking with each other" (å gå med kvarandre.) Vi kan alle gjera det på forskjellige måtar. Frans av Assisi sa: "Forkynn evangeliet, om nødvendig med ord." Altså er orda ikkje dei viktigaste.
Nokon å snakke med!
Dersom du treng nokon å snakke med om vanskelege ting i livet ditt, kontakt gjerne diakonen. Diakonen er kyrkja sin omsorgsarbeidar. Ordet diakon tyder tenar. Diakonen er kvalifisert til samtalar om alt i livets ulike situasjonar: sorg og tap på grunn av sjukdom, dødsfall, overgrep av ulike slag, rusmisbruk, fattigdom, vanskelege familierelasjonar, samlivsbrot m.m.
Det er så mange ting som kan utløyse ei sorg og kjensle av tap. Om det er frustrasjon eller alvorlege kriser, er diakonen ein erfaren medvandrar som kan gå eit stykke av vegen saman med deg.
Av og til er det samtale som kan vere forløysande for å kome vidare i livet. Andre gongar kan vi i kyrkja vere kontaktledd mellom deg og andre offentlege eller private hjelpeinstansar.
Diakoniplanen
Den nye planen for diakoni i Den Norske Kyrkje vart vedteke på Kyrkjemøtet i 2007 og gjort gjeldande frå 1. januar 2008. Dei fire stolpane i diakonien er:
NESTEKJÆRLEIK
INKLUDERANDE FELLESSKAP
VERN OM SKAPARVERKET
KAMPEN FOR RETTFERD
Det som er nytt i definisjonen av diakoni er kampen for rettferd. Kyrkja må engasjere seg meir når det gjeld fordeling av ressursane i verda. Som kyrkjelyd må vi stå opp for menneske som vert krenka. Den norske kyrkja sentralt, finn du meir om planen.
Kven er diakon i Borgund og Ellingsøy?
Mary Rowland er diakon både i Borgund sokn og Ellingsøy sokn. For å få snakke med henne ring servicekontoret for kyrkjelydane i Ålesund: 70 16 53 00, eller ta kontakt på e-post: mary.rowland@kirken-aalesund.no