DEN NORSKE KYRKJA
Borgund menighet
  Søk
9. februar 2012 ..:: Aktiviteter » Diakoni » Tilrettelegging ::..   Logg inn
 tilrettelegging for funksjonshemma

                             - Borgund kyrkje            - Borgund menighetshus            - Borgundbladet


Borgund menighet ønskjer å være eit fellesskap i nærmiljøet.
Då vil vi også prøve å leggje dei ytre tilhøva best muleg til rette for alle.


Dette er vår visjon, og vi tar gjerne imot innspel på forbetring og manglar i kyrkja og menighetshuset.
Kontakt diakon Mary Rowland på menighetskontoret 70 16 53 44.



Borgund kyrkje

Rullestolbrukarar

Handicap-inngang:
Høgre sideinngang (aust-inngangen) er lett tilgjengeleg for rullestolbrukarar og krykkebrukarar. Døra vil vere opplåst i god tid før gudstjenester og andre arrangement som bryllup, konsertar, osv.

Dei som har behov for det, kan bruke bil og kjøre til tett opp til denne sideinngangen.  Ein kan fortsette å køyre rundt kirka uten å måtte snu bilen.

Rullestolplassering i kirka
Beste plassering av rullestol er i korsarmen, eller framføre dei framste benkane.

Rullestolrampe opp til alteret
Rampe for rullestol vert lagt ut i trappa når det er nattverdsfeiring slik at brukaren kan kome fram til alterringen. 
Dersom det ikkje er ønskjeleg å køyre heilt fram til alterringen, vil prest/nattverdsutdelar kome direkte til den som ønskjer nattverd i kyrkjebenkane.
(Sjå bilder om tilkomst til kyrkja)

Handicap-toalett
Det finst handicap-toalett i våpenhuset.

Kontakt med kyrkjetenaren
Dersom noko er uklart eller må avtalast på førehand, ta kontakt med kyrkjetenar 70 16 53 53 (kyrkja).



Svaksynte



Salmebøker med stor tekst

Finst ved salmeboktralla. Boka har grå farge. Spør kyrkjevert ved inngangen.

Forstørra programark

Ved nokre gudstenester og konsertar, vil vi som regel ha nokre forstørra eksemplar av programmet liggande ved inngangen. 
Eksempelvis:  A5 program blir forstørra opp til A4.


Hørselshemma

Det er teleslynge i kyrkja.







Borgund menighetshus


Rullestolbrukarar
Her er god tilkomst til alle salane i hovedetasjen.  Bil kan køyre heilt til inngangsdøra. Utvendig elektrisk døropnar ved hovedinngangen.
Det er handicap-toalett i foajeren.

Menighetskontora og barnehagen er i underetasjen.  Det er bratt trapp ned på utsida som ikkje egnar seg for rullestolar, men heis inne i bygget som gjer det muleg å kome til alle rom og kontor.
Gje gjerne beskjed på førehand, slik at hovedetasjen er opplåst og heisen tilgjengeleg.
(Kontortelefon 70 16 53 00* eller e-post borgund@kirken-aalesund.no)


Hørselshemma
 Det er eit godt lydanlegg og Teleslynge i menighetssalane.





Borgundbladet – menighetsblad for Borgund og Ellingsøy


Synshemma
For dei som ikkje får papirutgåva av menighetsbladet for Borgund og Ellingsøy, finst bladet som pdf-fil på nettsidene våre.  Desse filene kan forstørrast på skjermen.
Leselist og syntetisk tale kan brukast, dersom datamaskinen har installert slike program/utstyr.

For nokre år sida las vi Borgundbladet inn på kassett, men responsen på bruk var så liten at denne tenesta vart lagt ned.

    

Copyright 2008 Borgund menighet Powered by LabOra - Agrando AS