06. februar 2012
Logg inn
Du er her: Tema » Spjelkavik kyrkje

Spjelkavik kyrkje
Sida er under bearbeidingSpjelkavik kyrkje vart bygd i 1987.  Kyrkja ligg sentralt til i Moa-byen, rett ved dei store handlesentra og bussterminalen.
Sida er under bearbeiding


Kyrkjebygget inneheld kyrkjerom, ekspedisjon, kontorer; i underetasjen: kyrkjelydssal med kjøkken, ungdomssal, undervisningsrom, speidarrom og aktivitetsrom for klatring (buldrerom)
Utanfrå kan bygget sjå ut som eit stort telt. Det skal minne om israelsfolket si vandring gjennom ørkenen og inn i det lova landet. Kyrkja er ein rasteplass på livsreisa. Her kjem Herren oss i møte med sine gåver.
I våpenhuset finn vi kunstverket "Avvæpna sverd". Her heng vi frå oss dei våpen vi til dagleg brukar mot kvarandre. I Guds hus  har dei ingen rett og ingen bruk.
Tett innfor kyrkjedøra står lysgloben. Der er det høve til å tenne eit lys frå Kristuslyset i midten og be ei bøn.
Går vi fram midtgangen, passerer vi under kyrkjeskipet. Det minner oss om at livet er ei reise eller ein seilas.
Lengre framme i midtgangen, kjem vi til påskelyset og døypefontensom som står tett attmed. Dei minner begge om utferda frå Egypt der Gud gjekk føre som ei ildsøyle. Utfriinga gjennom Sivsjøen er eit førebilete på dåpen.
Framme ved altaret, ser vi mot bronseskulpturen som heng over altarbordet. Han synleggjer apostlen Johannes sin visjon om det nye Jerusalem. Byen som skal stige ned frå himmelen, frå Gud, pynta som ei brur for sin brudgom. Det er dagen då Herren skaper den nye himmel og den nye jord. Over Jerusalem er eit lam. Det er Guds Lam.
På altarbordet finn vi Kristus krossfest. På kvar side Johannes og Maria, Jesu mor.
Framfor alteret står to musikantar i bronse. Ein som blæs på lur og ei kvinne spelar på harpe. Dei er vende mot altaret og innbyd oss til lovprising og tilbeding.
Når gudstenesten tek til, og prosesjonen skrid inn i kyrkja, er Kristus framst i fylgjet. Det syner prosesjonskrossen som inneheld eit bronserelieff med engelen som forkynner for gjetarane den glade bodskapen julenatt. "Sjå, eg kjem til dykk med ei stor glede."
Lovsongstonane som fyller rommet, kjem frå orgelet, plassert til side for altaret. Det har innskripsjonen: "Soli Deo Gloria" (Gud alene skal ha ære) Orgelet kom på plass i 1992 og har 26 stemmer.
Lyfter vi blikket, ser vi bibelhistoria framstilt i glaskunst. Det byrjar med skapingsforteljinga og Israels historie på høgre side av kyrkjerommet. På venstre side finn vi Jesu fødselsforteljing og lidingssoga. Over inngangspartiet ser vi tre av Jesu likningar, m.a den hjemkomne sonen. I front, over alterpartiet er motiva henta frå Openberringsboka med Guds trone, Lammet og byen med Livets elv.

Kunstnarar:
- Arkitekt: Alf Apelseth
- Avvæpna sverd: Astrid Ræstad Synnes
- Det nye Jerusalem, korsfestingsgruppa, musikantane og prosesjonskorset: Tore Bjørn Skjølvik
- Kyrkjetekstilane: Lise Skjåk Bræk
-
Orgelet: Marcussen & Søn Orgelbyggeri
-
Lysglobe, påskelys-stake: Karl Ivar Hanken
- Takkofferkorger: Sverre Håskjold, Annemor Skogen
- Kyrkjeskipet (Sunnmørs-otringen) Asgeir Kvernberg
- Glasmalerier: Håkon Bleken
- Glaskunstarbeidet: Græsdal Glass
 
Foto: Jan Halvorsen, Tore Johan Øvstebø, Brit Ekroll, Knut Bjune