Som konfirmant i Spjelkavik kyrkjelyd har ein alltid hatt fleire ulike opplegg å velje mellom. Det siste året har vi hatt 8 ulike opplegg: FRILUFT, KRIK, KLATRE, VANLIG, KIRKENS NØDHJELP, SPEIDER, TURGRUPPE og MINI.
Vi planlegg litt endringar i opplegget. Eit alternativ er eit opplegg med meir intensiv undervisning over kortare tid. Samtidig er planen å legge ned klatre-opplegget.
Det er sendt ei informasjonsbrosjyre i posten, den kom i postkassa i uke 22.
Onsdag 8. juni kl. 18:00-19:00 er det informasjonsmøte for foreldre/føresette til dei nye konfirmantane i Spjelkavik. Møtet blir i kyrkjerommet.
Umiddelbart etter foreldremøtet blir det på denne sida opna for registrering av konfirmantar.
Tirsdag 14. og onsdag 15. juni blir det innskrivingsdager, vi fordeler konfirmantane på dei 2 dagane. Da møter konfirmant og minst 1 forelder/føresett opp saman for ein liten prat og for å signere ein samarbeidskontrakt.