Skarbøvik kirke vart vigsla i 1995 og er eigd av ei stifting i Ålesund sokn. Kyrkja vart bygd med mykje dugnadsinnsats etter at kyrkjelyden sjølv gjennom mange år hadde samla inn penger til ei arbeidskyrkje i nærmiljøet. Arkitekt var Oskar Norderval. Det er eit frittståande klokketårn ved sidan av kyrkja, og kyrkjeklokka kjem frå Osen Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Kyrkja har om lag 150 sitjeplassar. Underetasjen var leigd ut til kontor for Ålesund kommune, men vart i 2005 bygd om til lokale for kyrkjelyden sin eigen aktivitet – med garderobe, toalett, kjøkken og samlingsrom.