"Ålesund bystyre kan ikke tilrå at det iverksettes deling av Spjelkavik sokn. Det er ikke lagt inn midler til deling av Spjelkavik sokn i Økonomiplanen for 2009-2012", vedtok Ålesund bystyre då dei handsama spørsmålet om deling av det tredje største kyrkjesoknet i landet vårt.
Ålesund kyrkjelege fellesråd tilrådde at soknet vart delt i to og at skolekrinsane Blindheim, Flisnes og Emblem vart skilt ut som eit nytt Hatlehol sokn.
40 røysta for det som var formannskapets og rådmannens tilråding, mens 9 røysta for eit framlegg frå Åse Marie Myren om å anbefale at Spjelkavik sokn blir delt i to.