Ålesund kirkelige fellesråd > Artikler > Nyheter
Skodje kyrkje og Ørskog kyrkje

Skodje kyrkje og Ørskog kyrkje

Frå nyttår vart Skodje kyrkje og Ørskog kyrkje del av Ålesund kyrkjelege fellesråd. Nye nettsider er under utarbeiding. Dåp kan tingast via http://www.kirken-aalesund.no/. Vigsel tingast ved å ringe servicekontoret på telefon 70 16 53 00. Gudstenester blir annonsert i lokalavisene.

Skodje kyrkje

Gudsteneste søndag 2. februar blir i Glomset bedehus ved Per Inge Vik. Kor Herrleg deltek. I Skodje kyrkje er der gudsteneste søndag 9 februar kl 11 ved Jan Løkkeborg. Det er også gudsteneste søndag 23. februar kl 11 og oskeonsdag 26. februar kl 18 ved Vik. Søndag 1. mars kl 18 er det gudsteneste ved kateket Olav Rønneberg. Ungdomskoret Respons deltek.

Babysong i Skodje kyrkje skjer annankvar torsdag frå kl 11-13. Det passer for barn 0-1,5 år. Datoar framover er 30. januar, 13. februar,  27. februar, 12. og 26. mars.

Følg Skodje kyrkje på facebook. Kvar månad blir det arrangert temakveldar. Skodje kyrkjekor øver kvar onsdag kveld og er ope for nye songarar.

Kom gjerne innom kyrkjekontoret  som held til i Skodjevegen 432.  

 

Ørskog kyrkje

Søndag 9. februar blir det gudsteneste i Ørskog kyrkje kl 11 ved Øystein Braaten. Då er der tårnagenthelg ved diakon Asbjørg Oksavik Sve. Søndag 16. februar er det kveldsgudsteneste kl 18 i Ørskog kyrkje ved Øystein Braaten. Onsdag 5. februar er det salmekveld i Ørskog kyrkje kl 19.30 ved Skodje kyrkjekor.

Trilletreff med babysong er annankvar tysdag kl 11-13 på kyrkjetorget. Dette skjer i oddetalsveker: 28. januar, 11. februar, 25. februar, 10. mars og 24. mars.  

Soknepresten i Ørskog, Øystein Braaten, kan nåast på telefon 90 75 98 18 eller på epost: oebraaten@kirken-aalesund.no.

Følg med på Bruktbutikken på kykjetorget på facebook. Butikken har ope måndagar på kveldstid og på dagtid onsdagar og laurdagar. Velkomen til ein hyggjeleg handel!

Kom gjerne innom Ørskog kyrkjekontor i Elling O. Wallbøes veg 14 på Sjøholt. Kyrkjekontoret held ope tysdagar og onsdagar.  

Leige av kyrkja eller leige av kyrkjetorget på Ørskog kan tingast hjå dagleg leiar for Skodje og Ørskog sokn, Åsrun Håvik, på telefon  41 36 48 14 eller epost: asrun.haavik@kirken-aalesund.no.


Del denne artikkel på e-post