Ålesund kirkelige fellesråd > Artikler > Nyheter
Kyrkjeverje

Kyrkjeverje

Vi søker Kyrkjeverje / dagleg leiar

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund  65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei  rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

Vi søker Kyrkjeverje/dagleg leiar

Ålesund kyrkjelege fellesråd søker etter ein leiar som er tydeleg og tenkjer heilskap. I samband med samanslåinga er det spesielt viktig med ein leiar som er samlande og kontaktskapande. I denne prosessen er det og viktig å kunne tenke visjonært.

Vi søker difor etter ein som kan:

  • Vere verksemda sin daglege leiar i ei spanande tid for organisasjonen
  • Styrke kontakten med kommunen og andre samfunnsaktørar
  • Vere ein dyktig arbeidsgjevar som bidrar til å skape ein felles organisasjonskultur
  • Vere ein god forvaltar av kyrkjeleg økonomi og eigedom
  • Legge til rette for god gravferdsforvaltning for alle innbyggarar i kommunen

 

Vi ønsker søkjarar med følgjande kvalifikasjonar og eigenskaper:

  • Utdanning frå høgskule/universitet
  • Leiarerfaring frå kyrkjeleg arbeid, offentleg forvaltning, organisasjonsarbeid eller næringsliv
  • Gode leiareigenskaper
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid, strategisk leiing og god til å motivere medarbeidarar
  • Kreativ, med evne til nyskaping og samspel
  • Erfaring frå leiarstilling i større organisasjonar eller bedrifter
  • Gode kunnskapar og erfaring innan forvaltning av personell, økonomi og bygg/anlegg
  • God kjennskap til kyrkjeleg verksemd
  • Erfaring frå endringsleiing,  plan- og utgreiingsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Personleg eigna til stillinga

 

Det er viktig at søkjarar har kjennskap til organiseringa og strukturen til Den norske kyrkje. Kyrkjeverja må være medlem av Den norske kyrkje. Den som vert tilsett må beherske begge målføre.

Vi tilbyr:

  • Lønn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste
  • Ein spanande leiarjobb i et kreativt og tverrfaglig miljø

Opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte Frank Grimstad tlf.  901 81 261

Søknad skal sendast elektronisk på www.kirkejobb.no  

Søknadsfrist fredag 17/1-2020


Del denne artikkel på e-post