Konserter med kantata Sh..Høyr

09.11.2018

Konserter med kantata Sh..Høyr

15. og 16. desember får vi eit  gjenhøyr med kantata frå Borgund  kyrkje sitt 100-årsjubileum.

15. og 16 desember  vert  advents-kantata Sh...Høyr! framført  i Ellingsøy kyrkje  og Spjelkavik kyrkje.  Det er dei tre kyrkjekora i Borgund, Ellingsøy og Spjelkavik som framfører kantata saman med musikarar og solistane Ragnhild Eide Akslen, Lisbeth Lislevatn og Andre Sjåvåg. Dirigent er Ola Eide.
Kantata vart skriven til 100 årsjubileet for Borgund kyrkje i 2007. Marit Kaldhol skreiv teksta og Robert Coates skreiv  musikken. 

Konsertane er  i Ellingsøy kyrkje laurdag 15.des. kl. 18.00 og  i Spjelkavik kyrkje søndag 16.des. kl. 19.00