Ellingsøy kyrkjekor øver i Ellingsøy kyrkje kvar onsdag mellom kl. 19.00 og 21.00. Koret deltek på nokre gudstenetser i Ellingsøy kyrkje og andre arrangement i og utanfor Ellingsøy kyrkjelyd. Koret er medlem i Møre kirkesangforbund og har deltek på kyrkjesongfestar som vert arrangert regelmessig rundt om i fylket. Koret samarbeider med jamne mellomrom med andre kor om konsertar. Eit høgdepunkt er julenattineen som koret arrangerer saman med Ellingsøy Hornmusikk og solstar. Nye medlemmar er velkomne til å vere med i koret. Det kan ofte vere lurt å begynne i starten av eit semester. Men no er det tid for juleprogram, og då kan det vere ei fin tid å begynne i koret. Ta kontakt med dirigent Jann Elling Koppen eller ledar i koret, Gro Hofseide, eller nokon du kjenner som er med frå før.